Gje til Syria du også

01.11.2013 09:26:00

Amalie Hilde Tofte, internasjonal sekretær i Industri Energi, oppmodar Industri Energi sine avdelingar og medlemmar til å støtte Norsk Folkehjelp sin aksjon i Syria med å kjøpe nødhjelpspakker til familiene før vinteren for alvor set inn. 

For mer informasjon

Bilde mangler
- Få med arbeidsgjevarar, familien og vener. Tenk om me kunne klart 500 nødhjelpspakkar før jul, seier ho.
 
Nødhjelpspakkane kostar frå 410 kr, men alle bidrag er velkomne.
 
 
Industri Energi har gjeve 100 000 kr til Norsk Folkehjelp sitt arbeid med å dele ut nødhjelpspakkar i Syria. For denne summen får 244 familiar 1 komplett nødhjelpspakke kvar.
 
Den humanitære situasjonen i Syria er prekær.
  • Over 100 000 menneske er i følje FN drepne.
  • Meir enn 8 millionar menneske er i akutt matkrise.
  • Over 6,25 millionar menneske er på flykt i eller frå Syria.